Liatoppen-APPen


Me er stolte av å hav vår eigen Bendit Liatoppen skiskytterfestival-appen. APP-en er tilgjengeleg for alle smarttelefonar med Android eller iOS og kan lastast ned her



APPen har overtatt ein del av det tradisjonelle programheftet med informasjon om dagsprogram, aktivitetar, innskytingslister, arenakart, løypeprofilar, startlister og resultatlister.

APPen er ein viktig informasjonskanal til alle deltakarar, lagleiarar og foreldre - og med funksjonen Pushvarsel blir viktige meldingar sendt ut til alle som har lasta ned APPen til mobiltelefonen og har godkjent mottak av pushvarsel (viktig).

APPen inneheld ein flott løypepresentasjon som er verdt å merke seg - spesielt for alle som skal til Liatoppen for fyrste gong. Her kan du «gå gjennom løypene» på mobilen eller nettbrettet og planlegge korleis du skal disponere kreftene.

Parkeringsbilletten kjøper ein også enkelt og greitt i APPen. Meir informasjon om parkering her.

Hugs at du må avslutte APPen og starte den på nytt for å lese inn oppdatert innhald.