FRÅ "LIATOPPSPRINTEN" TIL "HANS JØRGEN TVEITOS MINNELØP" TIL "LIATOPPEN SKISKYTTERFESTIVAL"

Rennet vart fyrste gong arrangert i 1987, som Liatoppsprinten. Ein av inititivtakarane til rennet var Hans Jørgen Tveito. Han var då 21 år gamal og utøvar for Ål skiskyttarlag. Han var svært lovande og hadde plass på rekruttlandslaget. Diverre ville det seg slik at han omkom i ei trafikkulukke hausten 1988.

Frå 1989 fekk rennet såleis òg status som Hans Jørgen Tveito sitt minneløp. Dei fyrste åra herfrå var løpet prega av ein fyldig og sterk seniorklasse, der mange av Hans Jørgen sine lagkameratar på landslaget stilte opp.

I 2007 vart arrangementet utvida til å bli eit 3-dagars arrangement, og dermed var Liatoppen skiskytterfestivaleit faktum. Frå no av vart også seniorklassane og dei eldste juniorklassane tatt ut, til fordel for dei større rekruttklassane. Og i dag er rennet verdas største skiskyttarrenn for denne aldersgruppa.

Frå 2014 vart også den yngste juniorklassa teke ut. Men minneløpet er vidareført, og det vert delt ut eigen premie til minne om Hans Jørgen i klassane jenter 16 år og gutar 16 år etter sprintøvinga laurdag.