Startlister for sundag er lagt ut
Listene finn du her eller under Program og Sundag. 17 og 18-åringane startar i blanda heat etter tid laurdag. Heat 2 startar 1.30 min. etter heat 1.
Fellesstart sundag
Dei som ikkje har stilt til start på sprint laurdag, men som ønskjer å gå sundag, må gi beskjed til rennkontoret om dette innan kl 16:00 laurdag.
Resultat lagt ut
Resultat frå stafett og nybyrjarar, samt skyteresultat frå stafett, er lagt ut under meny Resultat
Premieshow Ål kulturhus lørdag 2.april
Velkommen til premieshow i Ål kulturhus.
Laurdag ynskjer me også i år velkomen til premieshow i Ål kulturhus. Showet innheld premieutdeling med bildepresentasjon av utøverane og underhaldning.
Premieshowet vårt er svært populært og det er me glade for. Men me kan ikkje ha over 350 inne i salen på kvar forestilling så me har sett oss nøydd til å ha adgangskontroll for å kunne kontrollere kor mange som er inne på kvart show. Dette vert gjort av sikkerheitsmessige hensyn og fordi me ynskjer at premieshowet skal vera ei god oppleving for alle.
Salen i kulturhuset må tømast for publikum mellom showa, og det er kun mogleg å ha med ein vaksen per utøvar.
Under viser kva for ei pulje dei enkelte aldersgruppa tilhøyrar.
KL 15.00 | G11, G12 og J12 | KL 18:00 | J11, J13 og J14 |
KL 16.00 | G13 og G14 | KL 19.00 | J15, G15 og G16 |
KL 17.00 | Nybyrjarklassene J10, G10, J11 og G11 | KL 20.00 | J16, K17, M17,, K18 og M18 |
Lårnummer K/M17-18
K17-18 og M17-18 sk al benytte lårnummer på HØYRE lår på sprint lørdag. Lårnummer ligger i lagsposen
Endring stafettlag
Ved endring av løper på etappene er det viktig at brikke følgjer etappe, og ikkje løpar. Lågeste brikkenummer per lag er fyrste etappe.
Livesending 2022
Det blir livesending kvar dag levert av Direktesport, og onklar, tanter, besteforeldre, vener og kjente som ikkje er på Liatoppen kan derfor følge med. Link til livesendingene finn de under meny Media - Sendingar 2022
Livesending 2022
Det blir livesending kvar dag levert av Direktesport, og onklar, tanter, besteforeldre, vener og kjente som ikkje er på Liatoppen kan derfor følge med. Link til livesendingene finn de under meny Media - Sendingar 2022
Livesending 2022
Det blir livesending kvar dag levert av Direktesport, og onklar, tanter, besteforeldre, vener og kjente som ikkje er på Liatoppen kan derfor følge med. Link til livesendingene finn de under meny Media - Sendingar 2022
Endring løypelengde K17-18 sundag
Løypelengde for K17 og K18 er endret fra 5 * 2 km til 5 * 1,5 km
Startlister fredag og laurdag, og innskytingslister fredag, laurdag og sundag er lagt ut
Startlistene og innskytingslister finn de under menypunktet Programfor dei aktuelle dagane.
Tidtakarbrikker
Under festivalen går alle deltakarar med arrangøren si tidtakarbrikke. Fint om de legg private brikker att heime så me slepp å ha dei i omløp på stadion under konkurransene.
Bama Liatoppen skiskytterfestival 2023
Dato for Bama Liatoppen skiskytterfestival 2023 er 14.-16.april 2023.
Programavis
Programavisa for arrangementet ligger under meny Program. Direktelink finner dere her
Endringar stafettlag
Påmeldte stafettlag er no lasta over til tidtakarsystemet. Det gjer at eventuelle endringar på stafettlag etter at påmeldingsfristen gjekk ut må meldast på e-post til påmeldingsansvarleg.
Dersom klubbane etablerer miks-klubblag, må dette også meldast på e-post.
Over 1000 deltakarer er klare
Det er over 1000 deltakarar og nær 200 lag som er klare for 3 dagar på Liatoppen 1.-3.april. Det er nok snø i traseen, og me ser fram til endeleg å kunne arrangere skiskytterfestival i 2022. Det blir lagt ut informasjon jamnleg framover. Følg med.
Program for dei tre dagane er klar. Det er viktig at de les menyen Viktig info under dei ulike dagane.
Informasjon om opningsshow finn de under Program - Fredag - Opningsshow
Informasjon om premisehow finn de under Praktisk info.
Me inviterer 17 og 18-åringar til årets festival
BAMA Liatoppen Skiskyttarfestival ønskjer å invitere alle i klassane 17 og 18 år til å vera med på årets høgdepunkt. På grunn av koronapandemien har de gått glipp av dei to siste åra de kunne ha vore med på festivalen.
Me håpar at de har lyst til å delta på festivalen ein siste gong. Dette må me legge til slutten av dagen både laurdag og sundag.
Meir detaljar finn de i invitasjonen for 17-18 år her.
Invitasjon til festivalen i 2022
Invitasjon til festivalen i 2022 er klar. Tidspunktet for arrangementet er 1. til 3. april. Me håpar at på det tidspunktet er situasjonen slik at me kan arrangere ein "normal" festival slik me gjorde i 2019. Programmet følgjer i stor grad same opplegg som tidlegare med stafettar for 11-16 år og individuelle konkurranser for nybyrjarane på fredag.
På laurdag er det individuelle konkurransar med enkeltstart for alle klassar, medan på avslutningsdagen sundag er det enkeltstart for 11-12 år. 13 år og eldre har fellesstartar. Her blir det fart og spenning!
Til påmelding
Presisering alder for stafetten
Me presiserer at klubbane må overhalde aldersreglane for stafetten. 11-12 årsklassen må vere født i 2010 eller 2011. I 13-16 år skal deltakarane vere født 2006-2009 og samla alder skal ikkje overstige 45 år rekna ut frå aldersklasse.
Tidtakarbrikker
ALLE løparar skal bruke arrangøren sine brikker. Det er derfor ikkje naudsynt å ta med eigen brikke eller melde frå om brikkenummer. Det beste er om private brikker blir lagt att heime så slepp me å få inn registreringar frå desse brikkene i vårt tidtakarsystem under arrangementet.
Sendingar og løperbilete frå festivalen i 2019
Alle bilete av utøvarane er lagt ut på vår nettside og i appen. Vårt fotogalleri finn du under menypunktet MEDIA.
Sendingane frå festivalen i 2019 og tidlegare år er også tilgjengeleg under menypunktet MEDIA.
Vi minner også om at det i år er lagt ut skyteanalyser for de eldste klassene i alle konkurransene. Skyteanalyser finner du under menypunktet RESULTAT.