Bama Liatoppen skiskytterfestival 2023

Me inviterer til skiskyttarfestival på Liatoppen for 35 gong. Gjennom desse åra har festivalen blitt verdas største skiskyttarrenn
og ein tradisjon i skiskyttarmiljøet. For å få til dette treng me mange gode funksjonærar.
Mange stiller opp år etter år, nokre er nye. Tusen takk for at du har sagt ja til å stille opp i 2023.

250 funksjonærar må til for å få arrangementet i hamn. Dugnaden desse dagane gjev inntekt
til all aktivitet i Ål skiskyttarlag det komande året. Liatoppen skisenter får òg elar av inntekta.
Dermed er skiskyttarfestivalen med og finansierer drift og vidare utvikling av anlegget til glede
for skifolk i alle aldrar.

Ål kommune har nesten 5000 innbyggjarar. Desse dagane får me selskap av 2000-2500 tilreisande.
Det gjev gode inntekter til reiselivet og handelsstanden i kommunen. Og sist, men ikkje minst,
er skiskyttarfestivalen med på å setje arrangørkommunen Ål på kartet. Eit godt arrangement gjev Ål godt omdøme!
Dersom du har spørsmål omkring jobben du skal gjere, ta kontakt med den ansvarlege der du jobbar,
eller mannskapskoordinator Ragnhild S Thoen

E-post: mannskap@liatoppenskiskytterfestival.no
Telefon: 95 97 21 80

Mannskapsliste 2023 - trykk her

Då sjåast me på Liatoppen!
MANGE TAKK FOR ÅRETS INNSATS!

Transport / parkering

Det er begrensa parkeringsplass på Liatoppen.

Me oppmodar om samkøyring eller bruk av felles transport.

Matservering

Alle funksjonærar får mat og drikke under arrangementet. Det blir mange gode BAMA-produkter å få tak i.
Det er den ansvarlege på kvart område som set føringane for korleis serveringa blir gjennomført;
anten på staden der du jobbar eller i ei pause i Grindastugu. Denne hytta, som ligg vis-à-vis garderobeanlegget,
blir opphaldstad for alle funksjonærar. I hytta vil det være sjølvbetjening av mat og drikke.

Takk for innsatsen!