Praktisk informasjon
Praktisk informasjon rundt arrangementet.
På stadioen er det tre utsalsplassar der ein får kjøpt sunne produkt frå Bama kiosken.
Du kan betale med Vipps når du skal handle mat og drikke på Liatoppen.
Vipps 515206 – Bama Liatoppen Skiskytterfesstival
Last ned appen og registrer deg før du kjem til Liatoppen.
På grunn av stor deltaking må me også nytte parkeringsplassar som ligg eit stykke frå stadioen. Det er derfor viktig at alle reknar seg god tid frå bilen og opp i anlegget (15 – 20 min).
Dessutan er det viktig at alle rettar seg etter dei tilvisningane som vert gjort av parkeringsvaktene.
Kostnad billettane (VIPPSnr. 515206):
Ein dag: kr 100,-
To dagar: kr 160,-
Tre dagar: kr 240,-
Det er berre mogleg å betale med Vipps. Vi tek ikkje mot kontantar.
Ved ankomst Liatoppen første dag syner ein at betalinga er gjennomført på telefonen til parkeringsvakta.
Billett kan også kjøpast for to og tre dagar. Første dagen vil de få ein parkeringslapp som viser om de har betalt for 2 eller 3 dager. Legg denne i bilen og vis den ved parkering dei neste dagane.
Bubil
For dei av dykk som kjem med bubil skal desse parkere i området til Liapark AS (tett inntil stadioen på Liatoppen). Her er det ferdig opparbeidde bubilplassar med tilgang til straum og sanitæranlegg, inkl. smørebod.
Ring 950 76 196.
For dei som kjem med campingvogn er det ikkje høve til å dra denne med opp på Liatoppen – både av plassbehov og trafikksikkerheit. Vogna må setjast att nede i dalen, t.d. på Sataslåtten camping eller Hallingdal Feriepark.
Alle nybyrjarklassar samt klassane jenter/gutar 11 og 12 år brukar arrangøren sin anleggsbukk/våpenstøtte under festivalen. Denne er av typen Larsen Biathlon og som har anleggsflater med høgde på 15 cm, 17,5 cm og 20 cm. Arrangøren plasserer våpenet på den midterste anleggsflata og det er opp til utøvaren å flytte våpenet til ei lågare/høgare anleggsflate før skyting.
Rennet vart fyrste gong arrangert i 1987, som Liatoppsprinten. Ein av inititivtakarane til rennet var Hans Jørgen Tveito. Han var då 21 år gamal og utøvar for Ål skiskyttarlag. Han var svært lovande og hadde plass på rekruttlandslaget. Diverre ville det seg slik at han omkom i ei trafikkulukke hausten 1988.
Frå 1989 fekk rennet såleis òg status som Hans Jørgen Tveito sitt minneløp. Dei fyrste åra herfrå var løpet prega av ein fyldig og sterk seniorklasse, der mange av Hans Jørgen sine lagkameratar på landslaget stilte opp.
I 2007 vart arrangementet utvida til å bli eit 3-dagars arrangement, og dermed var Liatoppen skiskytterfestival eit faktum. Frå no av vart også seniorklassane og dei eldste juniorklassane tatt ut, til fordel for dei større rekruttklassane. I dag er festivalen verdas største skiskyttarrenn for denne aldersgruppa.
Frå 2014 vart også den yngste juniorklassa teke ut. Men minneløpet er vidareført, og det vert delt ut eigen premie til minne om Hans Jørgen i klassane jenter 16 år og gutar 16 år etter sprintøvinga laurdag.
Festivalen vart ikkje arrangert i 2020 og 2021 pga. korona-pandemien. I 2022 og 2023 fekk klassane 17 og 18 år delta pga. desse to avlysingane.