Viktig info før påmelding 2025
For å delta på festivalen i 2025 må utøvaren ha gjennomført skiskytterskule og vere fødd i 2016 eller tidlegare.
Individuelle renn:
Påmeldinga opnar onsdag 23. januar kl. 10.00. Påmeldingsfrist til dei individuelle renna er 23. mars kl. 23.59.
Påmelding til arrangementet går gjennom ei kø-løysing for å styre påmeldingsregistreringa. Dette betyr at påmeldinga skjer i to trinn. I første trinn registrerer ein seg inn i ein kø med kor mange deltakarar ein vil melde på (maksimalt 3). Deretter går det ut ein e-post til registrert epost-adresse med bekreftelse på kø-plass. (Dersom du ikkje får ein slik e-post, sjekk søppelboksen i e-postprogrammet). Etter kort tid, går det ut ein ny e-post med lenke til sjølve påmeldinga med registrering av namn, klasse osv. på kvar utøvar. Lenke til påmelding vil være aktiv i 24 timer etter mottak av denne e-posten. På denne måten kan påmeldinga gjennomførast utan systemmessig overbelastning.
På grunn av det høge deltakartalet me normalt har, er det viktig for oss som arrangør å kunne starte planlegging av konkurransedagane og spesielt alle premieshow på eit tidleg tidspunkt. Dermed må me ha tidlegare påmeldigsfrist til festivalen enn det som er vanleg til andre konkurransar. Arrangementet har ei deltakargrense på 1.100.
Påmeldinga til dei individuelle konkurransane under festivalen gjeld for 2 konkurransedagar (laurdag og sundag for alle klasser). Det er ikkje mogeleg å melde seg på enkeltdagar.
Faktura blir sendt ut via EQ Timing. Startkontingenten blir fakturert etter arrangementet.
Foreign participants:
Registration for the individual competition will start Jan 23. at 10 AM (local time)
Registration for the individual competition is for foreign participants carried out by sending an e-mail to the following address:
Stafett
Påmeldinga opnar 23. januar kl. 10.00. Påmeldingsfristen er 23. mars kl. 23.59.
Dette gjeld både lag og lagoppstilling. Viktig informasjon om stafetten er tilgjengeleg her.
Merk at løparar som skal gå stafett må vere født i 2013 eller tidlegare.
Startkontingenten for stafetten blir fakturert i etterkant av arrangementet.
Tekniske spørsmål om påmelding og betaling skal rettast til:
EQ Timing AS
Telefon: 61 15 90 20
E-post: participant@eqtiming.com
Andre spørsmål om påmelding og betaling kan rettast til:
EQ Timing AS
E-post: paamelding@liatoppenskiskytterfestival.no