Endringar stafettlag
Påmeldingane til stafetten på fredag er no lasta opp i tidtakarsystemet. Me ber om at alle endringar i lagoppstilling frå og med 6. april blir meldt på e-post til paamelding@liatoppenskiskytterfestival.no og ikkje ved å bruke lenke i påmeldingsbekreftelsen som påmelder har motteke. Endringar som evt. blir meldt der, vil me ikkje klare å fange opp.
For å delta på festivalen i 2023 må utøvaren ha gjennomført skiskytterskule og vere fødd i 2014 eller tidlegare.
Individuelle renn:
Påmeldinga opnar tysdag 24. januar kl. 10.00. Påmeldingsfrist til dei individuelle renna er 31. mars kl. 23.59
Påmelding til arrangementet går gjennom ei kø-løysing for å styre påmeldingsregistreringa. Dette betyr at påmeldinga skjer i to trinn. I første trinn registrerer ein seg inn i ein kø med kor mange deltakarar ein vil melde på (maksimalt 3). Deretter går det ut ein e-post til registrert epost-adresse med bekreftelse på kø-plass. (Dersom du ikkje får ein slik e-post, sjekk søppelboksen i e-postprogrammet). Etter kort tid, går det ut ein ny e-post med lenke til sjølve påmeldinga med registrering av namn, klasse osv. på kvar utøvar. Lenke til påmelding vil være aktiv i 24 timer etter mottak av denne e-posten. På denne måten kan påmeldinga gjennomførast utan systemmessig overbelastning.
På grunn av det høge deltakartalet me normalt har, er det viktig for oss som arrangør å kunne starte planlegging av konkurransedagane og spesielt alle premieshow på eit tidleg tidspunkt. Dermed må me ha tidlegare påmeldigsfrist til festivalen enn det som er vanleg til andre konkurransar. Arrangementet har ei deltakargrense på 1.100.
Påmeldinga til dei individuelle konkurransane under festivalen gjeld for 2 konkurransedagar (fredag ettermiddag og laurdag for nybegynnarklassane, laurdag og sundag for 11-16 år). Det er ikkje mogeleg å melde seg på enkeltdagar.
Startkontingenten blir fakturert etter arrangementet.
Foreign participants:
Registration for the individual competition will start Jan 24. at 10 AM (local time)
Registration for the individual competition is for foreign participants carried out by sending an e-mail to the following address:
paamelding@liatoppenskiskytterfestival.no
We need the following information:
Stafett
Påmeldinga opnar tysdag 24. januar kl. 10.00. Påmeldingsfristen er 31. mars kl. 23.59.
Dette gjeld både lag og lagoppstilling. Viktig informasjon om stafetten er tilgjengeleg her.
Tekniske spørsmål om påmelding og betaling skal rettast til:
EQ Timing AS
Telefon: 61 15 90 20
E-post: participant@eqtiming.com
Andre spørsmål om påmelding og betaling kan rettast til:
Erling Hagen
Telefon: 991 55 150
E-post: paamelding@liatoppenskiskytterfestival.no