Viktig info før påmelding 2022

Individuelle renn:

Påmeldinga opnar tysdag 25. januar 2022 kl 10.00. Påmeldingsfrist til dei individuelle renna er 15. mars 2022 kl. 23.59

Påmelding til arrangementet går gjennom ei kø-løysing for å styre påmeldingsregistreringa. Dette betyr at påmeldinga skjer i to trinn. I første trinn registrerer ein seg inn i ein kø med kor mange deltakarar ein vil melde på (maksimalt 3). Deretter går det ut ein e-post til registrert epost-adresse med bekreftelse på kø-plass. (Dersom du ikkje får ein slik e-post, sjekk søppelboksen i e-postprogrammet). Etter kort tid, går det ut ein ny e-post med lenke til sjølve påmeldinga med registrering av namn, klasse osv. på kvar utøvar. Lenke til påmelding vil være aktiv i 24 timer etter mottak av denne e-posten. På denne måten kan påmeldinga gjennomførast utan systemmessig overbelastning. 

På grunn av det høge deltakartalet me normalt har, er det viktig for oss som arrangør å kunne starte planlegging av konkurransedagane og spesielt alle premieshow på eit tidleg tidspunkt. Dermed må me ha tidleg påmeldigsfrist til konkurransane. 

Påmeldinga til festivalen gjeld for 2 konkurransedagar (fredag ettermiddag og laurdag for nybyrjarklassane, laurdag og sundag for 11-18 år). Det er ikkje mogelege å melde seg på enkeltdagar. 

Startkontingenten blir fakturert etter arrangementet.

Til påmelding

 

Stafett

Påmeldingsfristen er 20. mars 2022 kl. 23.59.

Viktig informasjon om stafetten finn du her: Viktig info.
Merk at løparar som skal gå stafett må vere født i 2011 eller tidlegare.

Startkontingenten for stafetten blir fakturert i etterkant av arrangementet.

Til påmelding

 

Spørsmål

Tekniske spørsmål om påmelding og betaling skal rettast til:

EQ Timing AS
Telefon: 61 15 90 20
E-post: participant@eqtiming.com

Andre spørsmål om påmelding og betaling kan rettast til:

Erling Hagen
Telefon: 991 55 150
E-post: paamelding@liatoppenskiskytterfestival.no