Opningsshow – Fredag

Hallingdal Feriepark

Fredag 4. april 2025 kl 19.00 blir det eit spektalulært opningsshow i Hallingdal Feriepark. Ole Kristian Stoltenberg leder programmet.

Program:

  • Premieutdeling for stafetten fredag
  • Oppvisning av Tobias Becs
  • Vakre melodiar frå Eljis
  • Vebjørn Sørum og Isak Leknes Frey i konkurranse mot Tobias

Triksekurs med Tobias

Hallingdal Feriepark

Fredag 4. april 2025 kl 18.15 kan du lære lure triks for å ha kontroll på ballen med Tobias Becs.

Møt opp ved utescena på Topcamp Hallingdsal, Myrovegen 15. Same stad som opningsshow som startar kl 19.

PS! Ta med eigen ball

Premieshow – Laurdag

Velkommen til premieshow i Ål kulturhus

Premieshowet vårt er svært populært og det er me glade for. Men me kan ikkje ha over 400 inne i salen på kvar, forestilling så me har sett oss nøydd til å ha adgangskontroll for å kunne kontrollere kor mange som er inne på kvart show. Dette vert gjort av sikkerheitsmessige hensyn og fordi me ynskjer at premieshowet skal vera ei god oppleving for alle.

Salen i kulturhuset må tømast for publikum mellom showa. Dette gjeld også dei som har billett til neste premieshow. Desse må også gå ut, men er sikra plass på neste show så lenge ein har billett til dette showet.

Sjå tabellen under for tidsplan premieshow.

  • Klokkeslett
  • 15:00
  • 16:00
  • 17:00
  • 18:00
  • 19:00
  • 20:00
  • Klasse
  • G12 og J12
  • G11, G13 og G14
  • Nybyrjarar J11-12 og 10 år og yngre
  • Nybyrjarar G11-12, J11, J13 og J14
  • G15, G16, nybyrjar G13-16, nybyrjar J13-16, FH18
  • J15 og J16