VIKTIG INFO - fredag

Stafetten - 11-16 år

KLASSAR

Gutar 11-12 år (født 2012 og 2013)
Jenter 11-12 år (født 2012 og 2013)
Mix 11-12 år år (født 2012 og 2013)

Gutar 13-16 år (født 2008-2011)
Jenter 13-16 år (født 2008-2011)
Mix 13-16 år (født 2008-2011)

I 13-16 årsklassen kan samla alder på laget vere maksimalt 46 år rekna ut frå aldersklasse. I 11-12 årsklassen kan maksimal alder vere 36 år.
Det er ikkje lov å nytte 11-12 åringar i klasse 13-16 år.

Stafetten er for aldersgruppa 11 - 16 år. Det betyr at det ikkje er høve til å nytte nybegynnarar 10 år eller yngre (født 2014 eller seinare).

 

SAMANSETJING AV LAG

Stafetten er ein KLUBB-stafett. I alle klassar skal det kun vere løparar frå same klubb.

I mix-klassane må det vere minst ei jente på laget. Det er ikkje høve til å stille med jenter i guteklassane.

For at flest mogeleg skal kunne delta på stafetten, er det mogeleg å stille lag med løparar frå fleire klubbar. Slike lag går utanfor konkurranse, men får deltakarpremie. På resultatlista blir etappetid til kvar løpar vist.

Arrangøren har eigne nettsider der løparar som ønskjer å gå stafett, men manglar lag, kan registrere seg. Her kan også lag som manglar løpar også registrere sitt behov slik at klubbar kan "finne kvarandre". Du finn sidene i menyen på denne nettsida (blir opna seinare):

 

MERKING AV VÅPEN

Det er svært viktig at våpena er merka med korrekt merkelapp. Klistremerket med nummer og namn, SKAL plasserast fremst på kolba, høgre side.

 

BRUK AV LAGLEIARVEST

Alle klubbansvarlege inne på standplass, SKAL ha på seg vest. Akkrediteringsvestane ligg i lagsposen, og er til bruk for heile helga. Klubben har sjølv ansvar for å rullere vestane til innskyting og renn!

Hugs å levere attende vestane før heimreise.

 

EKSTRASKOT

Ved bom skal det nyttast ekstraskot. På kvar serie kan det nyttast inntil 3 ekstraskot. Det er foreldre/lagleiar sitt ansvar at desse fylgjer våpenet når funksjonærane legg dei fram på matta.

 

BRIKKER

Alle brukar arrangøren sine brikker.

Pass på at løparane går med rett brikke!

Lag 1: Brikke 1, 2, og 3.
Lag 2: Brikke 4, 5 og 6 osv
3. etappe går med brikkenummer som tilsvarer lagsnummeret multiplisert med 3. Sjå startlista.

Set brikka på venstre fot.

 

SKIVENUMMER

Heile laget skal bruke same skiva. Skiva tilsvarer startnummeret, rekna samanhengande i «serie» frå 1 til 30. Dvs. at lag nr. 45 skyt på skive 15. Og lag nr. 62 skyt på skive 2.

 

STARTPROSEDYRE

Starten er på myra før stadion (studér arenakartet).

 

VEKSLING

Vekslingsfeltet er i bakken ut frå stadion.

Gå ut der enkeltstartane er for å koma til vekslingsfeltet. Gå opp første bakken. Der er vekslingsfeltet. Etter veksling går de same vegen attende.

Vi har problem med kryssing av løypa frå Nilsehaugen til vekslingsfeltområdet. Det vil bli mogleg å krysse, men vi ber om at dette vert gjort der det vert lagt til rette for kryssing. Her må alle nytte kostar som vert sett ut. Dette for å unngå for mye jord og stein i løypa.

Møt opp i god tid! (studér arenakartet)

 

FORKLAR LØYPENE

Forklar løypelengdene nøye for løparane - spesielt for dei yngste. Arenakartet og løypepresentasjonane gir nyttig informasjon.

Dersom det trengst sikkerheitsnåler til festing av startnummer, kan det hentast på veggen ved speakerbua.

 

PREMIERING

Alle får premien sin når dei kjem til veksling/mål. For 1., 2. og 3. plass er det i tillegg eiga premieutdeling under opningsshowet fredag.