Siste nytt Bama Liatoppen Skiskytterfestival
Etter fleire vurderingar har organisasjonskomiteen kome fram til at Bama Liatoppen skiskytterfestival blir på Liatoppen i 2025. Mildværet har tæret hardt på snøen dei siste vekene, men vi er så heldige at vi får henta snø frå Ål skisenter som blir lagt ut i løypa tysdag og onsdag til uken.
For å ta best mogleg vare på løypene etterpå, vil løyper og standplass vere stengd frem til innskyting fredag 4 april.
Ny heimeside er teke i bruk, og de finn det meste av informasjon der. Oppdatert informasjon for bla opningsshow, felles smørjing for 15- og 16-åringana, triksekurs, puljetider fellesstart sundag og oppdatert program (små endringar) er lagt ut i dag. Startlister fredag og laurdag blir lagt ut i løpet av helga.
For informasjon om:
- Servering og parkering, sjekk Praktisk info
- Opningsshow, sjekk Show
- Smørjeopplegg, sjekk Felles smørjeopplegg
- Program fredag, sjekk Fredag
- Program laurdag, sjekk Laurdag
- Program sundag, sjekk Sundag
Vi ønsker alle velkomen til fine dagar på Liatoppen