VELKOMEN TIL LIATOPPEN OG VERDAS STØRSTE SKISKYTTERRENN,
13. - 15. april, 2012.
FOTOGALLERI 2012
Fotogalleriet er no oppdatert med bilder frå 2012.
Klikk på menypunktet FOTOGALLERI øverst.
Bildene er nedlastbare, men tilgangen til galleriet opphøyrer 30. juni 2012.
Klikk på menypunktet FOTOGALLERI øverst.
Bildene er nedlastbare, men tilgangen til galleriet opphøyrer 30. juni 2012.
TAKK FOR I ÅR!
Takk for ein fantastisk innsats frå alle unge og lovande
skiskytterar i helga - det er moro å sjå slik iver og
idrettsglede!
Takk også til foreldre og lagleiarar som bidreg til den rolege, muntre og hyggelege atmosfæren på Liatoppen desse dagane!
Takk også til foreldre og lagleiarar som bidreg til den rolege, muntre og hyggelege atmosfæren på Liatoppen desse dagane!
Attgløymde saker og ting
Dersom du er ein av dei som gløymd att saker og ting på
Liatoppen, kontakter du arenasjef Kåre Hagen, mob. 90 17 57
01
Resultatlister
Alle resultalister ligg under menypunktet Resultat i
toppmenyen på denne sida. Du kan også gå inn på Liveresultat til
høgre på denne sida. Legg merke til at det er kun i dei offisielle
resultatlistene (pdf) ein ser tillegg/frådrag i tid og grunngjeving
for slike endringar.
OUPPS - det er meldt snø sundag!!
Arrangøren og teknisk etat i kommuna skal gjera alt i si makt,
MEN dersom værmeldinga om snø på sundag morgon slår til, er
dette likevel viktig:
* Alle med sommardekk må ha ein back-up-plan, slik som kjetting, samkøyring el.l..
* Ingen må parkere og forlate bilen sin langs vegen - vent på hjelp!!
(Det skal store maskiner opp og ned.)
* Alle med sommardekk må ha ein back-up-plan, slik som kjetting, samkøyring el.l..
* Ingen må parkere og forlate bilen sin langs vegen - vent på hjelp!!
(Det skal store maskiner opp og ned.)
Pass opp for franskmenn!
Det er gledeleg å ynskje ein ny nasjon velkomen på Liatoppen
dette året - nemleg Frankrike! Dei stiller med ni skarpskodde
16-åringar (jenter og gutar) og èin 15 åring. Alle er gode nok for
topp5-plasseringar i heimlandet. Dei kjem frå ulike områder av
Frankrike, slik som Les Saises, Chamonix og Grenoble. Dette blir
spennande - lukke til!
Innskyting vs venteliste
PGA mange strykningar etter at innskytingslistene vart lagt på
nett, og at mange frå ventelista takkar ja, er me nøydd til å gjere
grep på oppsettet som sikrar også desse løperane innskyting. Bl.a.
må dei klubbane som veit om strykningar, ikkje rekne med at
resterande løperar får betre tid av den grunn! Med stort sannsyn
kjem det nye løperar til og overtek ledige blinkar.
NB: Alle klubbar som på ein eller annan måte blir berørt av dette, vil bli kontakta anten på telefon eller ved direkte kontakt før eller under innskyting. Dette skal gå bra!
NB: Alle klubbar som på ein eller annan måte blir berørt av dette, vil bli kontakta anten på telefon eller ved direkte kontakt før eller under innskyting. Dette skal gå bra!
Liveresultat frå festivalen
Nytt tilbod av året er live-resultatservice frå festivalen. I tillegg vil speakerlyden bli distribuert via denne løysinga. Me har arbeidd med å kunne tilby live bildeoverføring frå arrangementet, men pr. i dag er ikkje tilgjengeleg linjekapasitet i stadionområdet god nok til det. Det må bli eit forbetringspunkt til neste år. Bruk linken på høgre side.
Venteliste
Informasjon 10. april: Det har i løpet av dagen kome
mange forfall til festivalen. Difor har mange på ventelista fått
e-post med tilbod om plass. Det er viktig at alle som står på
ventelista sjekkar sin e-post og svarar på om ein tek imot plassen
eller ikkje.
Frist for tilbakemelding er 11. april kl.
21.00. Etter dette tidspunktet kjem me ikkje til
å bruke tid på å hente inn løparar frå ventelista.
Vinterdekk!
Med den værmeldinga som yr.no presenterer for helga for
Liatoppen, vil vinterdekk vere det rette for å vere sikker på å
kome heilt til topps! Eller hurtigkjetting.
Feil i innskytingsliste!!
Det var diverre feil tidspunkt for 2. innskyting laurdag, på
den fyrste lista som vart lagt ut. (Innskytinga er ferdig 15.30, og
ikkje 15.40 som det stod der.)
Dette er no retta opp, og ny liste er lagt ut 10.04., kl 22.30.
(Oppsettet og rekkefylgja er den same, men alle har fått ca 1 min kortare tid.
Det er ingen endring for 1. innskyting på den nye lista.)
Dette er no retta opp, og ny liste er lagt ut 10.04., kl 22.30.
(Oppsettet og rekkefylgja er den same, men alle har fått ca 1 min kortare tid.
Det er ingen endring for 1. innskyting på den nye lista.)
Klappet og klart!
| Tråkkemaskina frå Rødungstølen høgfjellshotel arbeider dugnad på Liatoppen! |
Snøen som kom horisontalt inn i anlegget denne gongen, vart lagt ut og preparert påskeeftan og løyper, standplass og arena står fram frå si aller beste side og er klar for å ta i mot den fantastiske gjengen av barn og unge til leik og kappestrid!
Sjå WEB-kamera frå Liatoppen her.
Sjå værstasjon frå Liatoppen her.
Sjå værmelding for Liatoppen her.
VELKOMEN!
JIPPI - her blir det festival!
| Uvanleg gjest på standplass! |
Så folkens; start skipreppinga - her blir det verdas største skiskytterfestival!
Sjå videoreportasje frå hallingdolen.no!
Innskytingslister
Startlister
Ledig overnatting
Det finst fortsatt ledig
overnatting sentralt i Ål og Liatoppen - kontakt Ål
Utvikling.
Tlf. 32 08 10 60 - post@albooking.no
Tlf. 32 08 10 60 - post@albooking.no
Startbrikke
Med unntak av K/M
17 år, skal ALLE løperane bruke arrangøren sine eigne brikker. Det
er derfor ikkje naudsynt å melde frå om brikkenummer.
Ny deltakarrekord!
På grunn av den voldsomme pågangen ved påmelding, hadde nesten
1100 løparar meldt seg på arrangementet før systemet stengde for
påmelding, og ventelista talde raskt 175 personar. Etter fjerning
av doble registreringar o.l., har me såleis opna for heile 1075
løparar som startar laurdag 14.april. I tillegg kjem ein delegasjon
med 10 stk 15- og 16-åringar frå Frankrike. Med 1085 deltakarar på
startstreken blir det ny deltakarrekord!
Påmelding:
Dei
individuelle renna er fullteikna!
...og
stafett-påmeldinga er no stengd.
(Påmeldingsfristen var 1. april.)
NB: Det er ikkje lov å nytte yngre løperar enn 11 år under stafetten!
NB: Det er ikkje lov å nytte yngre løperar enn 11 år under stafetten!
Gå til PRAKTISK
INFO og PÅMELDING for meir informasjon omkring påmelding og
venteliste.

