Viktig info før påmelding 2018

Individuelle renn:

Påmeldinga opnar tysdag 16. januar 2018 kl 10.00 og stenger når arrangementet er fullteikna eller seinast 1. mars. Dei individuelle renna har eit maks deltakartal på 1100. Påmeldingar blir registrert etter først til mølla-prinsippet. Merk at EQ Timing er leverandør av systemet, men det er ikkje heilt det same systemet som blir brukt til andre skiskyttarrenn. Påmelding bør gjerast frå pc.

Påmeldinga foregår i to trinn. I første trinn, når påmeldinga opnar, registrerer påmelder seg med navn, e-postadresse, mobilnummer og kor mange plassar ein ønskjer uavhengig av klasse (maksimalt antall er 3). Ein plass gjeld for to individuelle konkurransar. All kommunikasjon skjer mot den registrerte e-postadressa. Det er difor svært viktig å oppgi korrekt adresse. Kvar e-postadresse kan gjere ei bestilling med maks. 3 plassar. Etter vellykka køregistrering går det ut ei kvittering på e-post til påmelder.

Alle bestillingar vil automatisk bli lagt inn i ein kø etter registreringsrekkjefølgja så her løner det seg å vere tidleg ute.

Trinn to startar litt etter køregistrering. Då vil påmelder til dei som har fått plass motta ein ny e-post med link til registreringsskjemaet. Det er viktig å følgje instruksen i denne e-posten. Frå e-posten blir sendt ut vil ein ha 24 timar på seg til å registrere deltakarar. Dette kan dermed gjerast utan tidspress når det passar i dette tidsrommet. I trinn 2 må ein logge seg på med Min Idrett eller EQ Timing profil. Har ein ikkje dette, registrerer ein seg som ny bruker.
Påmeldinga blir fakturert når påmeldingsfristen oppgitt i invitasjonen er ute. Klubbar som har registrert seg for klubbfakturering får dette.

Dei som ikkje får plass i denne runden vil få tilbod om å stå på venteliste. Ein beheldt opprinneleg plass i køen. Plassar vil tildelast i den grad det kjem avmeldingar eller forfall inn mot arrangementet. Tildeling av plassar blir avslutta 7 dagar før dei individuelle renna.

Denne totrinns-løysinga er valt for å gjere påmeldingsprosessen så tidsbesparande og rettferdig som mogeleg for alle partar.

Påmeldinga er bindande. Startkontingenten kan bli refundert ved avmelding før påmeldingsfristen går ut (19. februar). Ved seinare forfall blir ikkje startkontingenten refundert.

Stafett
Påmeldinga opnar tysdag 16. januar 2018 kl. 00.00. Påmeldingsfristen er 3. april 2018 kl. 23.59. Påmelding til stafetten blir gjort i Palisoft som er det systemet arrangøren har brukt dei siste åra.

Viktig informasjon om stafetten finn du her: Viktig info.
Merk at løparar som skal gå stafett må vere født i 2006 eller tidlegare.
Startkontingenten for stafetten blir fakturert i etterkant av arrangementet.

Spørsmål
Spørsmål om påmelding og betaling individuelle konkurransar skal rettast til:
EQ Timing AS
Telefon: 61 15 90 20
E-post: deltaker@eqtiming.com

Spørsmål om påmelding stafett og andre spørsmål kan rettast til:
Erling Hagen
Telefon: 991 55 150
E-post: paamelding@liatoppenskiskytterfestival.no