Arrangementet i 2022

Datoen for dette arrangementet vil vere 1.-3. april 2022.  Då håpar me å kunne ta i mot alle som vil vere med på Bama Liatoppen skiskytterfestival til hyggeleg dagar på Liatoppen og Ål. 

 

 

Følg konkurransane på Liatoppen live på pc og nettbrett

Be slekt og vener følgje deg direkte på løpsdagane!

Vår mediepartner Hallingdølen sender alle konkurransane live frå Liatoppen. Følg renna direkte på pc og nettbrett. Gå til MEDIA for tilgang til sendingane. Sendingane er også tilgjengeleg i Liatopp-appen og på Hallingdølen sine nettsider (www.hallingdolen.no).

Hallingdølen distribuerer sendingane til mange lokalaviser over heile landet. Sjekk om di lokalavis sender frå Liatoppen.

Premieshow Ål kulturhus lørdag 2.april

Velkommen til premieshow i Ål kulturhus.

Laurdag ynskjer me også i år velkomen til premieshow i Ål kulturhus. Showet innheld premieutdeling med bildepresentasjon av utøverane og underhaldning.

 

Premieshowet vårt er svært populært og det er me glade for. Men me kan ikkje ha over 350 inne i salen på kvar forestilling så me har sett oss nøydd til å ha adgangskontroll for å kunne kontrollere kor mange som er inne på kvart show. Dette vert gjort av sikkerheitsmessige hensyn og fordi me ynskjer at premieshowet skal vera ei god oppleving for alle.

 

Salen i kulturhuset må tømast for publikum mellom showa, og det er kun mogleg å ha med ein vaksen per utøvar.

 

Under viser kva for ei pulje dei enkelte aldersgruppa tilhøyrar.

 

KL 15.00G11, G12 og J12KL 18:00J11, J13 og J14
KL 16.00G13 og G14KL 19.00J15, G15 og G16
KL 17.00Nybyrjarklassene J10, G10, J11 og G11KL 20.00J16, K17, M17,, K18 og M18

Fluorforbod

Norges skiskytterforbund har innført forbod om bruk av fluorhaldige glidprodukt for sesongen 2018/2019 for aldersgruppene til og med 16 år. Me oppmodar foreldre og klubbar til å overhalde dette forbodet under festivalen slik at barn og ungdom kan konkurrere på like vilkår. Mange smørningsprodusentar vil ha servicevogner på stadion med personell som kan gje rettleiing i val av fluorfrie produkt og gode smøretips.

Arrangementet i 2021

(Informasjon pr. 12.03.2021)

 

Sjølv om Bama Liatoppen skiskytterfestival er avlyst i 2021, har organisasjonskomiteen arbeidd med å få arrangert eit renn for Viken idrettskrets og Oslo idrettskrets innafor dei rammene som vart sett i februar. Ut frå lokale smittevernreglar har me no avgjort at det ikkje er mogeleg å arrangere eit slikt renn. 

 

Dei lokale smittevernreglane opnar opp for utandørsarrangement med inntil 200 deltakarar, men kun frå same særkrets. I tillegg seier reglane at deltakarar frå kommunar med høgt smittetrykk ikkje kan delta. 

 

Dette gjer at kun er mogeleg å arrangere renn for Buskerud skiskytterkrets. 

 

Me er lei oss for dette. Som arrangør synes me det er leit at barn og ungdom ikkje får delteke i renn dei har trena til. Arrangementskomiteen rettar no fokuset mot ein normal skiskytterfestival i 2022. Datoen for dette arrangementet vil vere 1.-3. april 2022.  Då håpar me å kunne ta i mot alle som vil vere med på Bama Liatoppen skiskytterfestival til hyggeleg dagar på Liatoppen og Ål. 

 

Ål skiskytterlag vil helga 10. og 11. april 2021 arrangere eit renn for utøvarar i Buskerud skiskytterkrets i tråd med gjeldande nasjonale og lokale smittvernreglar på det tidspunktet. Informasjon om rennet blir lagt ut på skiskytterlaget si nettside

 

 

(Informasjon pr. 26.02.2021)

 

Frå og med 23. februar har Regjeringa opna opp for å kunne arrangere konkurransar i idrettar som skiskyting for barn og unge under 20 år innafor same krets eller region. Ein konsekvens av dette er at Bama Liatoppen skiskytterfestival 2021 ikkje kan arrangerast. 

 

For likevel å få til eit renntilbod for så mange som mogeleg har Ål skiskytterlag intensjon om - dersom smittestiuasjonen ikkje tilseier strengare tiltak - å arrangere renn for klubbar i Viken idrettskrets og Oslo idrettskrets helga 10. og 11. april. Dette er helga som Bama Liatoppen skiskytterfestival skulle gått av stabelen. Slik situasjonen er i dag ser me føre oss følgjande opplegg:

Øvingar: Sprint og normal
Klassar: Frå nybegynner og opp til og med junior 19 år. 
Påmeldingsfrist: 25. mars 2021
Ingen etterpåmelding pga. smittevernreglar. 
 

Dagen vil bli gjennomført med maksimalt 4 kohortar med 100 utøvarar i kvar. Utøvar kan ha med seg ein foreldre/ledsager på arenaen. Arena vil bli tømt mellom kvar kohort. Arrangør vil setje opp klassar og kohortar tilpassa påmelding og deltakartal i dei ulike klassane. 

 

Invitasjon til dette arrangementet vil bli sendt ut ca. 8. mars. Informasjon om arrangementet, innskytingslister og startlister vil bli publisert på Liatoppen skisenter si nettside www.liatoppen.com.

Har du lasta ned Liatoppen-appen?

Har du lasta ned vår Liatoppen-app? Den er viktig å ha på mobilen før, under og etter festivalen. Her betalar du parkering, finn viktig informasjon, program, resultatlister og livesendingar. Hugs å "lukke" appen (på iPhone dobbelklikke og sveipe opp) og opne på nytt for å få lese inn oppdatert informasjon. Kan også vere lurt å gå inn på innstillinger på telefonen, finne Liatoppen-appen og bestemme korleis nyheitsvarsel me sender ut blir vist på telefonen.

Alle meldingar som sendt ut som push-varsel kan ein også finne under Informasjon og Siste nytt inne i appen.

Link til nedlasting av appen til høgre på denne sida.

Utviklingstrapp for skiskyting

I forbindelse med Bama Liatoppen Skiskytterfestival deler NSSF ut boka

UTVIKLINGSTRAPP FOR SKISKYTING

Alle utøvere, klasse 13-16 år, får et eksemplar av boka gratis.

Klasse 15 og 16 (for de som ikke har hentet boka på HL): kan hente boka fredag 5.4 i etterkant av åpningsshow i foajeen til Hallingdal feriepark.

Klasse 13 og 14: får boka under premieutdelingen lørdag 6. april i Ål Kulturhus

Invitasjon til festivalen i 2020

Invitasjon til festivalen i 2020 er klar. Tidspunktet for arrangementet er 17. til 19. april. Programmet følgjer i stor grad same opplegg som tidlegare med stafettar for 11-16 år og individuelle konkurranser for nybyrjarane på fredag. 

Påmeldingen opnar 28 januar 2020 kl 10:00

På laurdag er det individuelle konkurransar med enkeltstart for alle klassar, medan på avslutningsdagen sundag er det enkeltstart for 11-12 år. 13 år og eldre har fellesstartar. Her blir det fart og spenning!

Invitasjon Bama Liatoppen skiskytterfestival 2020

Behov for overnatting på festivalen?

Rødungstøl Høyfjellshotell (http://www.rodungstol.no/) tilbyr 100 sengeplassar til festivaldeltakarar. Dette er eit fint hotell i fjellheimen med triveleg atmosfære og god mat.


Ca 30 min køyring frå Liatoppen.


Festivaldeltakarar får ein god pris:

  • Dobbeltrom kr 1.080,- pr. pers pr. døgn. 
  • Enkeltrom kr 1 245,- pr. pers. pr. døgn.

Barn under 15 år halv pris, under 4 år gratis.

Prisen er inkl. kveldsbuffé (2 varmrettar og dessert), overnatting,
frokost og matpakke m/thermos.

Ta kontakt med
Rødungstøl Høyfjellshotell
Tlf. 32 08 46 22

Festivalen i 2020

Dato for festivalen i 2020 er 17. til 19. april.

Me gjer merksam på at Skarverennet er flytta ei veke fram slik at det vil gå same helga som skiskytterfestivalen i 2020. Dette kan leggje ekstra press på overnattingsstadene så det er viktig å vere tidleg ute med bestilling av overnatting.


Påmelding til Larsen-stafetten

Det er på tide å melde på lag til Larsen-stafetten om klubben ikkje alt har gjort det. Påmeldingsfrist med lagoppstilling er 27. mars kl 23.59. NB! Endra frist.

Gå til vår nettside for påmelding.

Dersom klubben manglar ein utøvar for å stille lag, eller ein utøvar manglar lag er kan de sjå våre påmeldingssider for informasjon om registrering av behov:

REGISTRERINGSSKJEMA - manglar stafettlag
REGISTRERINGSSKJEMA - manglar stafettløper

Status påmelding 2019

Oppdatert informasjon om påmelding og venteliste ligg her.

Startlister og innskytingslister for fredag og laurdag er klare

Viktig at alle ventar med å sette ut våpen til innskyting er ferdig.Lagleder har ansvar for at våpen står på rett plass i stativa.Det er i år ny runde for innskyting. Me ønskjer ikkje trafikk over stadion og mot løyperetninga under innskyting. Det er difor laga ein ny runde som går rundt skytebanen. Sjå video av løypa på vår facebook-side.

Startliste sundag

Startliste for sundag er lagt ut på våre nettsider og i appen. På nettsida finn du den nedanfor eller i liveresultat. I appen ligg startlista under liveresultat for sundag.

Startliste sundag

Fellesstartar sundag - heatsortert

Informasjon frå standplass

Startlister og innskytingslister for fredag og laurdag er klare. Dei ligg under program for den enkelte dag. Det er påmeldt 241 lag til stafetten på fredag. I tillegg går 187 nybyrjarar sin normaldistanse på fredag ettermiddag.Laurdag går alle klassar sprint (dei yngste utan strafferundar). Her er det påmeldt 1119 deltakarar frå sju nasjonar utanom Norge (Sverige, Finland, Grønland, Frankrike, Tyskland, Polen og USA).

Få med deg gode tilbod på Liatoppen

Skiutstyr og bekledning i teltet til G-Sport:

G-Sport


Våpen og utstyr på standen til Larsen Biathlon:

Larsen Biathlon


Ammunisjon fra RWS og Norma på standen til Larsen Biathlon

Rws og Norma


Syklar og utstyr hjå Tretterud Sport ved Ål kulturhus laurdag:

Tretterud Sport

Type text here