Velkommen til premieshow i Ål kulturhus

Premieshowet vårt er svært populært og det er me glade for. Men me kan  ikkje ha over 400 inne i salen på kvar,
forestilling så me har sett oss nøydd til å ha adgangskontroll for å kunne kontrollere kor mange som er inne på kvart show.
Dette vert gjort av sikkerheitsmessige hensyn og fordi me ynskjer at premieshowet skal vera ei god oppleving for alle.

Salen i kulturhuset må tømast for publikum mellom showa. Dette gjeld også dei som har billett til neste premie-show.
Desse må også gå ut, men er sikra plass på neste show så lenge ein har billett til dette showet.

VIKTIG:
På grunn av sikkerheitsbestemmelsar for kulturhuset, og at det skal bli ei god oppleving for alle, kan me diverre ikkje opne
for meir enn èin vaksen per utøvar.