VIKTIG INFO - sundag
BRUK AV LAGLEIARVEST
Alle klubbansvarlege inne på standplass SKAL ha på seg vest. Akkrediteringsvestane låg i lagsposen fredag/laurdag, og er til bruk for heile helga. Klubben har sjølv ansvar for å rullere vestane til innskyting og renn!
Hugs å levere attende vestane før heimreise.
MERKING AV VÅPEN
Det er svært viktig at våpenet er merka med korrekt merkelapp. Klistremerket med nummer og namn SKAL plasserast fremst på kolba, høgre side.
LEVERING AV VÅPEN - NYBYRJARAR
Det er ikkje innskyting for nybegynnarklassane. Desse kan få sett våpen i stativet etter at innskytinga er ferdig og sjølv om løpet er i gang. Kontakt standplassfunksjonær.
PÅSETTING AV BRIKKER - 11-12 år og nybyrjarklassar
Alle brukar arrangøren sine brikker. Same opplegg som laurdag.
PÅSETTING AV BRIKKER - FELLESSTART (13 år og eldre)
I god tid før ein puljestart skal dei 30 løparane møte ved myra der 0,7 km snur.
Starten er like ved oppvarmingsområdet (same som stafettstarten fredag). Påsett av brikker skjer like ved start.
Alle brukar arrangøren sine brikker.
Sjekk arenakart kor de går for å koma til start.
MØT FRAM I GOD TID!
STRAFFERUNDE - FELLESSTART
Det blir nytta 2 strafferundar til fellesstarten (13-16 år); runde A og B.
I runde A skal alle med oddetalsnummer gå, og i runde B skal alle med partalsnummer gå. Det er ingen krise om ein løpar går ”feil”, men det er viktig å få fordelt løparane av omsyn til både videokontroll og manuell strafferundekontroll.
FORKLAR LØYPENE
Forklar løypelengdene nøye for løparane - spesielt for dei yngste. Arenakartet og løypepresentasjonane gjev nyttig informasjon.
Vår erfaring er at ein del av dei yngste "gløymer" å gå heile sisterunden.
PREMIEUTDELING
Premieutdeling skjer umiddelbart etter målpassering. I tillegg er det eiga pallpremiering.