Viktig info før påmelding 2025

Individuelle renn:

Påmeldinga opnar torsdag 23. januar kl. 10.00. Påmeldingsfrist til dei individuelle renna er 23.mars kl. 23.59

Påmelding til arrangementet går gjennom ei kø-løysing for å styre påmeldingsregistreringa. Dette betyr at påmeldinga skjer i to trinn. I første trinn registrerer ein seg inn i ein kø med kor mange deltakarar ein vil melde på (maksimalt 3). Deretter går det ut ein e-post til registrert epost-adresse med bekreftelse på kø-plass. (Dersom du ikkje får ein slik e-post, sjekk søppelboksen i e-postprogrammet). Etter kort tid, går det ut ein ny e-post med lenke til sjølve påmeldinga med registrering av namn, klasse osv. på kvar utøvar. Lenke til påmelding vil være aktiv i 24 timer etter mottak av denne e-posten. På denne måten kan påmeldinga gjennomførast utan systemmessig overbelastning. 

På grunn av det høge deltakartalet me normalt har, er det viktig for oss som arrangør å kunne starte planlegging av konkurransedagane og spesielt alle premieshow på eit tidleg tidspunkt. Dermed må me ha tidlegare påmeldigsfrist til konkurransane enn det som er vanleg til andre konkurransar. 

Påmeldinga til dei individuelle konkurransane under festivalen gjeld for 2 konkurransedagar (laurdag og sundag for alle klasser). Det er ikkje mogeleg å melde seg på enkeltdagar. 

Startkontingenten blir fakturert etter arrangementet.

Til påmelding - kjem seinare

Stafett

Påmeldingsfristen er 23. mars kl. 23.59.

Viktig informasjon om stafetten finn du her: Viktig info.
Merk at løparar som skal gå stafett må vere født i 2014 eller tidlegare.

Startkontingenten for stafetten blir fakturert i etterkant av arrangementet.

Til påmelding - kjem seinare

Smøreopplegg

Det blir samme smøreopplegg som i 2024. Det gjeld for 15-16 åringane laurdag og sundad. Meir info kjem.

Spørsmål

Tekniske spørsmål om påmelding og betaling skal rettast til:

EQ Timing AS
Telefon: 61 15 90 20
E-post: participant@eqtiming.com

Andre spørsmål om påmelding og betaling kan rettast til:

Steinar Larsen
Telefon: 905 01 532
E-post: paamelding@liatoppenskiskytterfestival.no