Viktig info før påmelding 2020

Individuelle renn:

Påmeldinga opnar tysdag 28. januar 2020 kl 10.00 og stenger når arrangementet er fullteikna eller seinast 15. mars. Dei individuelle renna har eit maks deltakartal på 1100. Påmeldingar blir registrert etter først til mølla-prinsippet. Merk at EQ Timing er leverandør av systemet, men det er ikkje heilt det same systemet som blir brukt til andre skiskyttarrenn. Påmelding bør gjerast frå pc.

Påmeldinga foregår i to trinn. I første trinn, når påmeldinga opnar, registrerer påmelder seg med navn, e-postadresse, mobilnummer og kor mange plassar ein ønskjer uavhengig av klasse (maksimalt antall er 3). Ein plass gjeld for to individuelle konkurransar (NB! nybyrjarklassane går fredag/laurdag). All kommunikasjon skjer mot den registrerte e-postadressa. Det er difor svært viktig å oppgi korrekt adresse. Kvar e-postadresse kan gjere ei bestilling med maks. 3 plassar. Etter vellykka køregistrering går det ut ei kvittering på e-post til påmelder.

Alle bestillingar vil automatisk bli lagt inn i ein kø etter registreringsrekkjefølgja så her løner det seg å vere tidleg ute.

Trinn to startar litt etter køregistrering (ca 0,5-1 time). Då vil påmelder til dei som har fått plass motta ein ny e-post med link til registreringsskjemaet. Det er viktig å følgje instruksen i denne e-posten. Frå e-posten blir sendt ut vil ein ha 24 timar på seg til å registrere deltakarar. Dette kan dermed gjerast utan tidspress når det passar i dette tidsrommet. I trinn 2 må ein logge seg på med Min Idrett eller EQ Timing profil. Har ein ikkje dette, registrerer ein seg som ny bruker.

Påmeldinga blir fakturert når påmeldingsfristen oppgitt i invitasjonen er ute. Klubbar som har registrert seg for klubbfaktura får dette.

Dersom arrangementet blir fullteikna, vil dei som ikkje har fått plass få tilbod i ein eigen e-post om å stå på venteliste. Ved å stadfeste dette, vil ein behalde opprinneleg plass i køen. Plassar vil tildelast frå køen i den grad det kjem avmeldingar eller forfall inn mot arrangementet. Tildeling av plassar blir avslutta 7 dagar før dei individuelle renna. Dette av omsyn til innskytingslister og startlister. 

Denne totrinns-løysinga er valt for å gjere påmeldingsprosessen så tidsbesparande og rettferdig som mogeleg for alle partar.

Påmeldinga er bindande. Startkontingenten blir ikkje fakturert ved avmelding før påmeldingsfristen går ut (15. mars). Ved seinare forfall blir ikkje startkontingenten refundert.

Stafett

Påmeldingsfristen er 3. april 2020 kl. 23.59.

Viktig informasjon om stafetten finn du her: Viktig info.
Merk at løparar som skal gå stafett må vere født i 2009 eller tidlegare.

Startkontingenten for stafetten blir fakturert i etterkant av arrangementet.

Spørsmål

Tekniske spørsmål om påmelding og betaling skal rettast til:

EQ Timing AS
Telefon: 61 15 90 20
E-post: support@eqtiming.com

Andre spørsmål om påmelding og betaling kan rettast til:

Erling Hagen
Telefon: 991 55 150
E-post: paamelding@liatoppenskiskytterfestival.no