VIKTIG INFO - laurdag

LEVERING AV VÅPEN - NYBYRJARAR

Det er ikkje innskyting for nybyrjarklassane.

Våpen til nybyrjarane skal leverast til ein standplassfunksjonær, som plasserer våpenet i stativa. Me opnar for dette 30 minutt før første start. Standplass er stengt for lagleiarar. Våpen til nybyrjarar kan leverast til standplassfunksjonærar sjølv om rennet går.

BRUK AV LAGLEIARVEST

Alle klubbansvarlege inne på standplass, SKAL ha på seg BAMA-vest (refleksvest). Akkrediteringsvestane ligg i lagsposen, og er til bruk for heile helga. Klubben har sjølv ansvar for å rullere vestane til innskyting og renn!

Hugs å levere attende vestane før heimreise.

MERKING AV VÅPEN

Det er svært viktig at våpenet er merka med korrekt merkelapp. Klistremerket med nummer og namn SKAL plasserast fremst på kolba, høgre side.

PÅSETT AV BRIKKER

Alle brukar arrangøren sine brikker.

Ved startområdet er det eit eige, stort telt der påsetting av brikker går føre seg. Det er ikkje høve for foreldre/lagleiarar å fylgje løparane lenger fram enn til dette teltet. Deretter held løparane seg i køen opp til startstreken.

MØT FRAM I GOD TID!

Dersom det trengst sikkerheitsnåler til festing av startnummer, kan det hentast på veggen ved speakerbua.

FORKLAR LØYPENE

Forklar løypelengdene nøye for løparane - spesielt for dei yngste. Arenakartet og løypepresentasjonane gir nyttig informasjon.

FOTOGRAFERING

Laurdag vert det teke bilete av alle løparane rett etter start. Biletet vert brukt under premieutdelinga i Ål Kulturhus.

Sundag får alle utdelt ein papirkopi av biletet på Liatoppen. Tid og stad vert annonsert av speaker. Biletet er ei gåve frå Bama.

PREMIEUTDELING

Premieutdeling med "noko attåt" er i Ål kulturhus, i sentrum av Ål.

1. pulje startar kl. 15.00. Deretter er det premieutdeling kvar heile time.

Sjå eigen oversikt over tidspunkt for premiutdelingane her, eller i vår arrangements-app.