På grunn av stor deltaking må me også nytte parkeringsplassar som ligg eit stykke frå stadioen. Det er derfor viktig at alle reknar seg god tid frå bilen og opp i anlegget (15 - 20 min).
Dessutan er det viktig at alle rettar seg etter dei tilvisningane som vert gjort av parkeringsvaktene.
Billettane kostar kr 80,- per dag dersom den blir kjøpt i appen.
Ved ankomst Liatoppen syner ein den gyldige billetten på telefonen til parkeringsvakta.
Billett kan også kjøpast kontant ved parkering, men kostar då kr. 100,- pr. dag.
Me oppmodar alle til å kjøpe billett i appen då det vil gjere parkeringavviklinga meir effektiv.
For dei av dykk som kjem med bubil skal desse parkere i området til Liapark AS (tett inntil stadioen på Liatoppen). Her er det ferdig opparbeidde bubilplassar med tilgang til straum og sanitæranlegg, inkl. smørebod. Pris kr 1.790,- frå torsdag til sundag.
Ring 950 76 196.
For dei som kjem med campingvogn er det ikkje høve til å dra denne med opp på Liatoppen - både av plassbehov og trafikksikkerheit. Vogna må setjast att nede i dalen, t.d. på Sataslåtten camping eller Hallingdal Feriepark.