VIKTIG INFO - fredag
Stafetten - 11-16 år
KLASSAR
Gutar 11-12 år (født 2010 og 2011)
Jenter 11-12 år (født 2010 og 2011)
Mix 11-12 år år (født 2010 og 2011)
Gutar 13-16 år (født 2006-2009)
Jenter 13-16 år (født 2006-2009)
Mix 13-16 år (født 2006-2009)
I 13-16 årsklassen kan samla alder på laget vere maksimalt 45 år. I 11-12 årsklassen kan maksimal alder vere 36 år.
Det er ikkje lov å nytte 11-12 åringar i klasse 13-16 år.
Stafetten er for aldersgruppa 11 - 16 år. Det betyr at det ikkje er høve til å nytte nybyrjarar 10 år eller yngre (født 2011 eller seinare).
SAMANSETJING AV LAG
Stafetten er ein KLUBB-stafett. I alle klassar skal det kun vere løparar frå same klubb.
I mix-klassane må det vere minst ei jente på laget. Det er ikkje høve til å stille med jenter i guteklassane.
For at flest mogeleg skal kunne delta på stafetten, er det mogeleg å stille lag med løparar frå fleire klubbar. Slike lag går utanfor konkurranse, men får deltakarpremie. På resultatlista blir etappetid til kvar løpar vist.
Arrangøren har eigne nettsider der løparar som ønskjer å gå stafett, men manglar lag, kan registrere seg. Her kan også lag som manglar løpar også registrere sitt behov slik at klubbar kan "finne kvarandre". Du finn sidene i menyen på denne nettsida (blir opna seinare):
VANDREPREMIAR
I LARSEN-stafetten er det frå 2011 sett opp to flotte vandrepremiar i klassane G 13-16 år og J 13-16 år. Premiane er støypt i bronse og er forma som ein skiskyttar. Dei er av betydeleg storleik og vil eigne seg godt utstilt på eit klubbhus eller liknande.
Ein kan ikkje vinne desse til odel og eige - dei skal takast med tilbake til Liatoppen neste år, og delast ut på nytt til beste klubb.
MERKING AV VÅPEN
Det er svært viktig at våpena er merka med korrekt merkelapp. Klistremerket med nummer og namn, SKAL plasserast fremst på kolba, høgre side.
BRUK AV LAGLEIARVEST
Alle klubbansvarlege inne på standplass, SKAL ha på seg BAMA-vest (refleksvest). Akkrediteringsvestane ligg i lagsposen, og er til bruk for heile helga. Klubben har sjølv ansvar for å rullere vestane til innskyting og renn!
Hugs å levere attende vestane før heimreise.
EKSTRASKOT
Ved bom skal det nyttast ekstraskot. På kvar serie kan det nyttast inntil 3 ekstraskot. Det er foreldre/lagleiar sitt ansvar at desse fylgjer våpenet når funksjonærane legg dei fram på matta.
BRIKKER
Alle brukar arrangøren sine brikker.
Pass på at løparane går med rett brikke!
Lag 1: Brikke 1, 2, og 3.
Lag 2: Brikke 4, 5 og 6 osb
3. etappe går med brikkenummer som tilsvarer lagsnummeret multiplisert med 3. Sjå startlista.
Set brikka på venstre fot.
SKIVENUMMER
Heile laget skal bruke same skiva. Skiva tilsvarer startnummeret, rekna samanhengande i «serie» frå 1 til 30. Dvs. at lag nr. 45 skyt på skive 15. Og lag nr. 62 skyt på skive 2.
STARTPROSEDYRE
Alle som skal gå 1. etappe skal starte på ny plass i år. Gå ut til oppvarmingsområdet. Starten er i den gamle løypa like ved myra der fellesstartane har gått før. Veksling: Alle skal gjennom tunnelen til publikumshaugen for å koma til veksling. Her blir dei samla opp og sleppt etappevis ut på stadion.
Møt opp i god tid! (Studer arenakartet.)
VEKSLING
Alle som går 2. og 3. etappe skal gå gjennom tunnelen til publikumshaugen for å koma til veksling. Her blir dei samla opp og sleppt etappevis ut på stadion.
Møt opp i god tid! (Studer arenakartet.)
FORKLAR LØYPENE
Forklar løypelengdene nøye for løparane - spesielt for dei yngste. Arenakartet og løypepresentasjonane gir nyttig informasjon.
Dersom det trengst sikkerheitsnåler til festing av startnummer, kan det hentast på veggen ved speakerbua.
PREMIERING
Alle får premien sin når dei kjem til veksling/mål. For 1., 2. og 3. plass er det i tillegg eiga premieutdeling under opningsshowet fredag kl 19.30.
NORMAL - Nybyrjarar
VÅPEN
Det er ikkje innskyting for nybyrjarklassane.
Våpen til nybyrjarane skal leverast til ein standplassfunksjonær som plasserer våpenet i stativa. Me opnar for dette 30 minutt før første start. Standplass er stengt for lagleiarar. Våpen til nybyrjarane kan leverast til standplassfunksjonærar sjølv om rennet går.
PÅSETTING AV BRIKKER
Ved startområdet er det eit eige, stort telt der påsetting av brikker går føre seg. Det er ikkje høve for foreldre/lagleiarar å fylgje løparane lenger fram enn til dette teltet. Deretter held løparane seg i køen opp til startstreken.
MØT FRAM I GOD TID!
MERKING AV VÅPEN
Det er svært viktig at våpena er merkte med korrekt merkelapp. Klistremerket med nummer og namn SKAL plasserast fremst på kolba, høgre side.
FORKLAR LØYPENE
I og med at nybyrjarane ikkje har innskyting, er det viktig at dei får forklart kor dei skal gå. Arenakartet og løypepresentasjonane gir nyttig informasjon.
PREMIERING
Alle får premien sin ved målgang.