VIKTIG INFO - sundag
BRUK AV LAGLEIARVEST
Alle klubbansvarlege inne på standplass SKAL ha på seg BAMA-vest (refleksvest). Akkrediteringsvestane ligg i lagsposen, og er til bruk for heile helga. Klubben har sjølv ansvar for å rullere vestane til innskyting og renn!
Hugs å levere attende vestane før heimreise.
MERKING AV VÅPEN
Det er svært viktig at våpenet er merkamed korrekt merkelapp. Klistremerket med nummer og namn SKAL plasserast fremst på kolba, høgre side.
PÅSETTING AV BRIKKER - 11-12 år
Alle brukar arrangøren sine brikker.
Ved startområdet er det eit eige stort telt der påsetting av brikker går føre seg.
Det er ikkje høve for foreldre/lagleiarar å fylgje løparane lenger fram enn til dette teltet. Deretter held løparane seg i køen opp til startstreken.
MØT FRAM I GOD TID!
Dersom det trengst sikkerheitsnåler til festing av startnummer, kan det hentast på veggen ved speakerbua.
PÅSETTING AV BRIKKER - FELLESSTART (13-16 år)
Alle brukar arrangøren sine brikker.
I god tid før ein puljestart skal dei 30 løparane møte ved myra der 0,7 km snur. Starten er i den gamle løypa like ved oppvarmingsområdet (same som stafettstarten fredag). Påsett av brikker skjer like ved start. Sjekk arenakart kor de går for å kome til start. Dersom det trengst sikkerheitsnåler til festing av startnummer, kan det hentast på veggen ved speakerbua.
STRAFFERUNDE - FELLESSTART
Det vert brukt to strafferundar under fellesstarten; runde A og B. I runde A skal alle med oddetalsstartnummer gå, og i runde B skal alle med partalsstartnummer gå.
Det er ingen krise om ein løpar går "feil", men det hjelper dei som skal kontrollere tal på rundar at det blir gått rett!
FORKLAR LØYPENE
Forklar løypelengdene nøye for løparane - spesielt for dei yngste. Arenakartet og løypepresentasjonane gjev nyttig informasjon.
PREMIEUTDELING
Alle får premien sin ved målgang. I tillegg er det eiga pallpremiering til dei tre beste i kvar klasse etter at protestfristen har gått ut. Tidspunkt vert annonsert av speaker.